Enkel og kort tur, 111 moh, der det meste av turen er på veg. Siste 200-300 meter går i lett turterreng. Turen passar for alle aldersgrupper. Med liten innsats får du panoramautsikt over Stadthavet, fjorden og øyane og du får kjensle av å vere høgt til fjells. På toppen finn du eit rastebord der du kan nyte niste og utsikta.
Kjem du til fots, tek du gangvegen til høgre for Coop Kvamsøy, kryssar vegen og vidare til venstre og deretter rett opp gjennom byggefeltet, siste stykket ein gangveg. (Om du kjem med bil, følg vegen opp til første T-kryss, ta av til høgre mot Ristesund og deretter til venstre etter ca 300 m, skilta mot «Stadion».) Ta til venstre på fylkesvegen og følg denne til klubbhuset på venstre side. Ca 50 m forbi parkeringsplassen ved klubbhuset står skilt på venstre side til Hesthamaren. Gå gjennom grinda og følg merka merka løype til toppen.
Gratis parkering på Kvamsøy fergekai og ved klubbhuset ved idrettsbana.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1 |
Grus | 0,3 |
Sti | 0,2 |