English

Hestehornet - skitur

Ørsta

Kort om turen

Variert og kjekk skitur med flott utsikt på toppen. Her er det normalt få skigåarar så her kan du få urørt snø. Turen er også fin med truger

Ruteskildring

Start ved bomvegen til Krøvelsætra. Etter ca 200 m kan du ta av oppover i skogen, eller du kan følge skogsvegen. Det er litt kortare å gå skogen; du må finne di eiga løype her. Går du gjennom skogen, kjem du opp på skogsvegen på ei flate før nokre nye hytter. Følg vegen til du kjem til desse hyttene. Der vegen går opp til hyttene, skal du skråe svakt oppover i skogen (retning søraust). Hald deg nedanfor granskogen i 7-800 m. Etterkvart må du finne ein veg gjennom granskogen. Når du har gått gjennom denne, dreiar du nordaust. Det er nokså bratt eit lite stykke (3-400 m) før du tek til på siste ryggen opp mot toppen. Her er det fin bjørkeskog som du kan svinge deg i på returen. Følg same rute tilbake. 

Ruta er raud fordi det kan vere litt krevande å renne ned det bratte stykket før du kjem ned att til granskogen. Bortsett frå dette, er det ingen vanskelege parti.

Du bør ha fjell-, telemark- eller randoneeski

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum: Følg E39. Ta av til Vikebygda i ei rundkøyring og følg Vikebygdvegen til endes. Her er det ein parkeringsplass for turgåarar. Passer denne og følg vegen (Krøvelseidet) vidare i knapt 1,2 km. Det er ca 6 km frå rundkøyringa til der turen startar. Frå Ørsta sentrm: Følg 655 i retning Åmdalen i ca. 8 km. I Åmdalen tek du av mot Volda. Følg Krøvelseidet-vegen i ca. 2 km Det er normalt plass til 5-6 bilar ved start
Skitur
Rød Fjell
Lengde
7,21 km tur/retur
Stigning
501 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
687 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Du kan også starte frå Krøvelseidet og følge Rotevassdalen til du møter ei kraftlinje. Skrå deg gjennom skogen og i retning Hestehornet (austleg retning). Du vil møte på skogsvegen, og så følger du ruta derifrå. Frå Rotevassætra kan du også ta turen til Hestehornet.

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut