English

Hesjedalshaugen

Stranda

Kort om turen

Turen går stort sett i lett terreng, totalt 400 m stigning på 3,5 km. Total tid ca 3 t.

Ruteskildring

Start  på Korsmyra, ca. 600 moh, ved skilt. Du går så nydyrkingsvegen i Gråsteindalen til endes. Ved nytt skilt her tek du til venstre og går ca 300 m  langs kanten på eit dyrkingsfelt. Her kryssar du grøfta og går mot nord, ca 3-400 m, i ei rås til du kjem til eit nytt, lite skilt. Frå dette punktet kan du gjere ein rundttur. Ta t d til venstre og oppover, fyl ei merka, men litt svak rås heilt til topps, 1012 moh. Her er det fin utsikt mot Indreeidsdalen og Eidsvatnet.
Returen kan du gå mot nord i retning den 1829 m høge Fremste-Skorene. Her går det litt nedover, og du vil snart sjå Øvste Hesjedalsvatnet. Før vatnet svingar råsa til høgre, og no er det strake vegen til der råsa delte seg, ca 1 km. Råsa kan vere litt svak, men er merka. (V). Når du nærmar deg nokre hamrar på høgre sida, vil du nedanfor på venstre sida sjå restane av murarane til Hesjedalssetra, ein gong sommarsetra til Møll. Ved råsdelinga kan du no velje om du vil gå same vegen tilbake, eller gå nedover myrane i retning Grandevatnet. Du vil kome til ei lita bru. Før brua skal du ta til høgre og fylgje ei litt fuktig rås ned til nydyrkingsvegen. Ca halvegs langs denne råsa, kan du sjå murane etter Grandegråsteinsetra til høgre og Møllsgråsteinsetra til venstre på andre sida av elva.

Tilkomst og parkering

Parkering på offentleg parkeringsplass på Korsmyra.

Fottur
Blå
Lengde
3,06 km en vei
Stigning
385 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
970 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis
Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 4

Offentleg transport

2 bussavgangar frå Geiranger. 2 bussavgangar frå Eidsdal.

Kart

Geiranger
Print ut