English

Herøy gard

Herøy

Kort om turen

Turen på Herøy gard går over ein av dei eldste historiske stadene vi kjenner på Sunnmøre fram til spelplassen på Herøy. Øya har vore samlingspunkt i Havlandet Herøy i meir enn 1000 år. Du kan lese meir om dette på skilt langs stien som går over øya. Toalett ved starten av turen ved Herøy Kystmuseum. 

Ruteskildring

Følg fv 654 til avkjøring til Herøy Kystmuseum, og følg vegen over Nautøya til endes. Parkering før bru over til Herøy gard. 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved parkeringa i enden av vegen som går over Nautøya, før brua over til Herøya. Turvegen er asfaltert gjennom terrenget, og slyngar seg gjennom det historiske terrenget, heilt fram til spelplassen for Herøyspelet Kongens Ring – som ligg lengst vest på øya. Til øya kom vikingkongane og la til med skipa sine. Her var og tingstad. Herøy er ein gamal kyrkjestad, og her har det vore fleire kyrkjer. Frå 1770-talet var garden ein sentral handelstad. der dei sjøfarande kunne søke ly.
Fottur
Grønn
Lengde
0,68 km tur/retur
Stigning
18 m
Tidsbruk
1 t
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
13 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,75

Anna

Kart

Køyreskildring
Print ut