Lett tur i motbakke på fin grusveg til ein lavvo ved ein gammal seterstøl. Skoghogst har gitt god utsikt både undervegs og frå setra.
Gå opp til grasbana ved klubbhuset, hald til venstre langs bana og følg sti (skiløypetrase) til ski-brua over elva, nordvest for fotballbana.
Følg sti (skiløypetrase) oppover langs elva og til grusvegen, ca 500 meter. Hald til høgre og unngå jordbæråkeren.
Følg så grusvegen/setervegen 1,6 km derifrå (bomveg).
Turkassa er plassert ved lavvo ved vegen, like før Heimsætra.
Det er nyleg hogd ned mykje granskog i området, så det er fin utsikt på turen. På andre sida av elva ser du Omnossætra.
Hald gjerne fram vidare oppover til Hjellsætra/Valldalssætra (1 km) og Myklebustsætra (1,5 km). Herifrå er det merka sti til Heimstevatnet og Fremstevatnet, over Storreset til Espedalen, Storvasshytta ved Storvatnet og heilt til Langsetrane i Stordal.
Trillevenleg
Det er også muleg å gå denne turen for dei med hjul som ikkje toler terreng. Følg då fylkesvegen 300 meter tilbake mot Myklebust og ta til høgre rett etter brua, like ved eit bustadhus. Følg grusvegen og ta andre veg til høgre. Du er då komen inn på setervegen til Heimsetra og StikkUT-løypa frå stadion kjem innpå vegen etter om lag 300 meter.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1,6 |