English

Heimarhaugane

Stranda

Kort om turen

Sætra på Heimarhaugane var sommarsætra for gardane på Kjølås og Giskehaug, men sætrehusa vert no brukt som hytter. På Heimarhaugane har du god utsikt ut Storfjorden, inn Norddalsfjorden og til dei kringliggande fjella. Skituren til Heimarhaugane er ein fin tur for dei som vil ha ein kort tur med god utsikt. 2/3 av turen går på traktorveg. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går der 3 vegar, velg den i midten og gå ca 300 m, ta til venstre, skilta med skiløype Dregetua, gå traktorvegen til vegs ende, ca 1,3 km, då tek du til høgre opp gjennom skogen og over myrane og går omtrent etter høgste ryggen opp til Heimarhaugane. På returen kan du leike deg litt ned over myrane og igjennom skogen, men du må treffe øverste enden på traktorvegen og følge den ned til parkeringsplassen.

Tilkomst og parkering

Frå Stranda sentrum: Køyr fv 60 Storgata ca 700 m, ta til venstre på fv 5924 Bygdavegen skilta mot Opshaugvik, køyr ca 1,4 km, ta til høgre på Kjølåsvegen, køyr ca 350 m, ta til venstre framleis på Kjølåsvegen, køyr ca 250 m, ta til høgre opp Skaugum, køyr til vegs ende ca 500 m, parker her på god parkeringsplass med infotavle med kart over området.

Skitur
Rød fjellski
Lengde
2,56 km en vei
Stigning
338 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
510 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

M711 1219 I, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut