English

Heid Tursti på Bergsøya

Herøy

Kort om turen

Turen går over Tverrfjellet i Fosnavåg, ein lettgådd tur på god sti, berre 100 høgdemeter over Fosnavåg hamn, men med utsikt til tusen! Innover ser du Sunnmørsalpane, og utover ligg havranda og himmelen. Alle blåtonar, til knall oransje. Nokre dagar strålanda, av og til rått og piskande. Utsikta er ny kvar dag, og du kan følge sola som går i havet.

Ruteskildring

Heid Tursti er lett tilgjengeleg og passar for folk i alle aldrar - heile året. Lettgått tur med passeleg jamn stigning frå Tussa-bygget på Elsebø og til Tverrfjellet. Ein rusletur for å oppleve naturen for nokre, medan andre vil strene forbi og trene i meir heseblesande fart. For den som verkeleg vil få opp pulsen, så byr vegen opp frå kulturhusområdet på sugande bakkar. Men uansett så møtast ein på byfjellet Tverrfjellet.   

Du kan parkere ved Herøy Kulturhus/Sunnmørsbadet. Det står skilt ved foten av fjellet der stienstartar, oppfråLisjebøvegen. Første delen er littkrevjande, og lokaleturgåarar liker å kallemotbakkaneher for “Monsterbakkane . 

På Heid Tursti kan du spurte eller rusle deg over byfjellet Tverrfjellet. Fjellet som ligg på tvers, som bakveggen til Fosnavåg og hamna. Det er berre hundre høgdemeter frå hamnebasenget til toppen av  Tverrfjellet. Men desse hundre høgdemetra gir deg utsyn til tusen. Innover kan ein sjå Sunnmørsalpane som toppar seg, men det er utover som gir opplevinga. Havrand og himmel. Alle blåtonar - og nokre fargar til. Nokre dagar strålande. Andre dagar rått og piskande. Kvar dag er utsikta ny og kvar dag byr solnedgangen på nye fargar når eldkula forsvinn ned i havet.  

Det er dei gamle fjell i syningom, men havet er levande og nytt. Nokre dagar kviskrar og sukkar det stille. Andre dagar syng det i dirrande havdur. Og av og til bråkebuldrar det i storbåra der ute. Du ser det frå byfjellet. Kjenner det. Luktar det. Og rett under deg kan du høyre lydane frå kystbyen. Ei fiskebåt som sig inn på hamna, ein bil som gir gass, måsar som skrik. Og kanskje susar havørna forbi.  

Heid Tursti er lyssett og i adventstida vil du gå forbi/under den store adventsstjerna som skin over Fosnavåg og området.  

Du vil finne fleire treningsapparat og 2 gapahuker på turen over Tverrfjellet. Trimapparata og den eine gapahuken står langs vegen når du går opp frå Tussa-bygget og den andre og største gapahuken finn du oppe på sjølve Tverrfjellet.   

Tilkomst og parkering

Frå FV654 mot Fosnavåg, ta av på Berge, mot høgre til Borgarhaugvegen, ta igjen av mot høgre etter berre ca 100 m, Bergslibakken og køyr til Bergslibakken 12, som er Tussa-bygget og turparkering.  Du kan også kjøre sørvestover på FV654 mot Fosnavåg. Når ein nærmer seg Herøy Kyrkje ser ein skiltet til Herøy Kulturhus og Sunnmørsbadet (Lisjebøvegen 10), følg vegen til parkeringsplassen der. 
Fottur
Grønn
Lengde
1,59 km en vei
Stigning
54 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Hele turen
Høyeste punkt
114 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,5

Anna

Heid Tursti er ein forskriftsmessig opparbeidd og gruslagt sti/veg som også er godt tilgjengelig for rørslehemma. 
Køyreskildring
Print ut