English

Hegguraksla frå Hauge

Fjord

Kort om turen

Fin og bratt tur til varden på Hegguraksla. Her får du fin-fin utsikt over Norddalsfjorden og Tafjorden. Tek du ein kveldstur kan du få med deg deg fine fargar og solnedgang over Sunnmørsalpane i vest.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Hauge går du på asfaltveg ca 300 meter (ikkje kryss grasmarka/innmark) til du kjem til sætervegen på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg) i store slyng oppover i lia til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh).

Vidare går du på merka sti skilta mot Heggurdalen. Stien har to startpunkt på setra, men dei går snart saman til ein tydeleg sti. Start ved utedoen eller ved skiltet litt høgare i terrenget. Gå i slakt terreng innover langs fjorden, med ei brattare stigning mot Hegguraksla, 1000 moh. Målet finn du ved ein stor varde rett ved stien.

 

Tilkomst og parkering

Følg fylkesveg 92 frå Valldal sentrum og gjennom tunellen til Fjørå (5 km, retning Tafjord). Frå krysset ved naustrekka i Fjørå, følg skilta veg i svingar oppover i lia til Selboskar. I øvste svingen, ved nokre hus, sving til høgre og følg vegen til merka parkeringsplass, ca 250 meter frå svingen. Parkeringsplass Hauge, gratis parkering, plass til ca 15 bilar.

NB! Følg bilveg ved turstart, ikkje ta snarvegen over innmark/grasmark. Det er privat område og innmark skal ikkje kryssast.

Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
629 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1015 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 2,1
Sti 2

Offentleg transport

nei

Anna

Ved varden har du vidt ustyn. Mot aust ser du Tafjorden og fråflytta fjordgardar på sørsida av fjorden, vidare inn mot Tafjordbygda og Tafjordfjella. Mot vest ser du Norddalsfjorden og bygdene rundt

Turen kan gå vidare på merka sti mot Heggurdalen. Frå varden går stien i kupert og delvis luftig terreng innover og litt nedover til Heggurdalstølen. I lia nedanfor ligg anlegga som overvakar rasfaren i Heggura. Ver merksam på nokre luftige punkt langs stien her. La ikkje born gå åleine dette strekket. 

Hegguraksla er også utgangspunkt for topptur til Blåfjellet. Det er ein lang tur.

Kart

Turkart Norddal 1: 50 000, Tafjordfjella 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut