English

Holeheiane (Heggjene) frå Svartevatnet

Sykkylven

Kort om turen

Turen til Holeheiane (Heggjene) går på god sti med slak stigning og passar for dei fleste. Terrenget som turen går i er snilt og kollete, men med imponerande utsyn over nokre av dei mest majestetiske tindane i Sunnmørsalpane.

Stien har slite litt på vegetasjonen og kan vere våt i perioder med mykje nedbør. Det er difor lurt med gode sko.

Ruteskildring

Det er god og tydeleg stien startar på nordenden av parkeringsplassen. Stien går nord-vestover oppover bakken som har relativt slak stigning. Ein går gjennom ope terreng dominert av grasartar og høgfjellsvegetasjon. Oppe på platået når det er slakt og småkupert deler stien seg og du følgjer råsa mot høgre til eit topp-punkt med ein liten varde. Retur same veg.

Det er ein alternativ sti aust for hovudstien men denne er per juni 2021 ikkje så tydeleg som hovudstien som er skildra over, og det er mogleg å miste stien om ein ikkje er kjent.

Tilkomst og parkering

Stort parkeringsareal i tilknyting til hovedvegen mellom Stranda og Sykkylven
Fottur
Grønn
Lengde
1,38 km en vei
Stigning
123 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
650 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,3

Offentleg transport

Informasjon om bussruter finn du på http://www.frammr.no
Køyreskildring
Print ut