English

Haugasetra

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein kort tur, berre 1,5 km, men såpass bratt at den passar godt som ein rask trimtur på kveldstid. Stien er tørr og fin, og startpunktet er lett tilgjengeleg. Målet for turen er tuftene etter Haugasetra som før låg oppå liabruna her.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du tilbake til krysset. Der kryssar du vegen og tek inn på merka og tydeleg sti på venstre side av busskuret. Etter ei stund kjem du opp på ein ganske ny skogsveg. Gå oppover etter denne skogsvegen og gjennom eit hogstfelt. Vegen flatar ut oppmed skogkanten i øverkant av hogstfeltet. Du kryssar ein bekk som er lagt i rør før ein sti tek av på øversida skogsvegen. Følg så merka trase oppover til den tidlegare setervollen.

Tilkomst og parkering

Køyr til Todalskrysset. Det ligg ca. 9 km frå Skei i retning Kvanne. Frå Kvanne ferjekai er det ca. 6 km til krysset. Sving inn på Todalsvegen, men parker straks på parkeringsplassen ovanfor vegen.
Fottur
Blå
Lengde
1,53 km en vei
Stigning
335 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
372 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Offentleg transport

Det går fleire bussruter forbi startpunktet, men det er lang tid mellom avgangane, så det vil truleg vera vanskeleg å få rutene til å passe med denne korte turen.

Anna

Turmålet er ein gammel seterstøl, til vanleg kalla "Haugasetra". I gamle dagar hadde fire gardar seter her: Oppistua og Nistua Haugen og Oppigard og Negard Gjerstad. Oppistua på Haugen setra her fram til 1925. I dag er alle seterbygningane for lengst borte, men vi kan enno sjå spor i terrenget etter tidlegare aktivitet. Steinhylla som låg ved inngangsdøra til Oppistu Gjerstadsetra ligg mellom anna igjen like ved turkassen.

Kart

Ikkje nødvendig
Køyreskildring
Print ut