English

Hasundhornet og Flåna frå Fjellvegen på Eidet

Ulstein

Kort om turen

Heile turen går i synleg og god rås. Kan ha våte parti nokre få plassa. Her er naturen uten skog, med lav vegetasjon.  Ingen luftige parti, berre moderat stigning. 

Ruteskildring

Dette er den mest brukte råsa til Hasundhornet. I nyare tid har det blitt laga ein grusveg, som tar oss til Hasundhornet raskare, men i dag skal vi nyte denne turen til sin fulle. Råsa er brei og tydeleg og går i slakk og moderat stigning. Vi går forbi Høgebrua, via Stien og opp til Hasundhornet. Flott stopp for en lite gobit her. Vi vender nasa mot Flåna og går ned i dalen. Her kan det vere litt vått av og til. Dette er myr og torvområde, og frå gammalt av blei det spadd ut mykje torv til brensel her. Du kan fortsatt sjå tegn etter det i naturen. Etter dette flate partiet begynner vi på stigninga opp mot Flåna. Det er ikkje så langt, men dette er det brattaste på heile turen. Oppe på Flåna er det fint å sette seg ned og berre nyte, før vi snur og vender tilbake i samme råsa. Utsikta frå Flåna er mot Dimna, Tjørvåg, Herøy og Ulsteinvik. Dei fleste går denne turen, men det er og dei som har det som fast joggetur. 

Tilkomst og parkering

Om du køyrer frå Ulstein mot Hareid, tar du av på gamlevegn/grusveg skilta mot Eidet. ca 200 m (midt på denne grusvegen) kjem du til eit kryss, og her tar du av mot høgre og kjøre oppover dalen til du kjem opp på flata, som har stedsnavn Halsen. Her er det fleire parkeringsplassar, så gode parkeringsmuligheter. Det står tydeleg merka med skilt ved vegen mot råsa du skal gå. Turen startar her.
Fottur
Blå
Lengde
4,86 km tur/retur
Stigning
425 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Høyeste punkt
610 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,86
Køyreskildring
Print ut