Hans-Marta stien på Aspøya i Ålesund er ein lettgått rundtur. Turen høver godt som sundagstur eller ettermiddagstur.
Frå OK-minilager følgjer ein turvegen austover. Første del av stien er nyleg planert ut og opparbeida, så akkurat denne delen er trillevenleg. Etter kring 100-meter tar ein til venstre inn på ein smalare sti. Følg den smale stien og rundt rundt Aspøy omsorgsenter til du kjem inn på Steinvågvegen. Følg Steinvågvegen vestover i nye 100-meter, før du tar av til høgre og inn på Johs. Aarflots Gate. Følg denne gata i nye 100-meter før du kjem inn att på turvegen og der i frå kan gå tilbake til OK-minilager.