English

Hamneparken rundt

Ørsta

Kort om turen

Ein lett tilgjengeleg tur i hjartet av Ørsta sentrum, - forbi mykje av det vi Ørstingar gjerne vil vise gjestane våre.

Ruteskildring

Frå P-plassen på Klokkarmarka går du forbi kyrkjeporten til den vakre Ørstakyrkja, vidare over Nekken til Laguneparken med paviljong, 22. juli minnesmerke og Ivar Aasen statua før du kryssar E-39 over gangfeltet.

Vidare langs den fine småbåthamna og over Vikeelva via gangbrua til Hamneparken med alle sine fine seglingsmerke og fyrlykta ved utløpet.

Ta gjerne ein stopp i Tussaparken om du vil leike litt!

Deretter vidare forbi kjøpesenteret Alti og ut Webjørn Svendsengate til gamle Haldeplassen med den nyrestaurerte Fontena. Så spasering inn Vikegata og forbi vakre Svendsengarden, Ørsta sin 1000-års stad før du krysser E39 og vidare inn Vikegata forbi kyrkjeporten og tilbake til parkeringsplassen.

Tilkomst og parkering

Frå rundkøyringa på E-39 køyrer du 200m mot Fv 655 Sæbø til Nekken ved Ørsta Kyrkje. Forbi kyrkjeporten og inn kyrkjegata til den nye parkeringsplassen på Klokkarmarka nedom bedehuset. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,94 km en vei
Stigning
35 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
9 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

https://frammr.no/ Ved å ta buss til Ørsta rutebilstasjon, så kan ein starte rundturen her.
Køyreskildring
Print ut