English

Haddalshornet frå Indre Haddal

Ulstein

Kort om turen

Ruta opp Klungsdalen til Haddalshornet er variert og fin og går på god sti. Frå Haddalshornet er det flott utsikt!

Ruteskildring

Frå Haddal skule: Gå innover Haddalvegen og så opp Einehaugen, totalt ca 750 m. Stien startar i enden av Einehaugen, ved Einehaugen 46.

Følg sti opp Klungsdalen. Du kjem raskt ut av skogen og får flott utsikt. Stien er stort sett tydeleg, men eit lite stykke langs elva, mellom 300 og 400 høgdemeter, kan den vere litt utydeleg nokre plassar. I knapt 500 m høgde deler stien seg. Hald til høgre. Så følger du stien vidare utover mot varden på Haddalshornet. Gi deg tid på toppen og nyt utsikta. Her har du eit flott rundskue. På returen kan du få med deg solnedgangen om du går på kvelden

Om du vil ha ein fin rundtur, kan du gå vidare til Blåtinden og følge ruta derifrå ned til parkeringsplassen om lag 500 m lenger oppe i Ringstaddalen enn Haddal skule. 

Tilkomst og parkering

Ta av til Haddal frå Eiksundvegen (FV653). Parkering ved Haddal skule, i starten av Ringstaddalen
Fottur
Blå
Lengde
6,63 km tur/retur
Stigning
586 m
Tidsbruk
3 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
611 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,5
Sti 5,13

Offentleg transport

Buss frå Volda/Ørsta mot Garneskrysset, eller Hareid/Ulstein/Herøy mot Volda/Ørsta. Nettside: frammr.no

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut