Frå ytterst på Aursneset går det merka rås som og blir kalla nissevegen. Når du kjem over tregrensa har du vakker utsikt mot Voldsfjorden, Leikongfjella, Sunnmørsalpane, Ulsteinvik og mot Hareid.
I begynnelsen går du inni granskog og denne stien blir kalla Nissevegen. Når du kjem ut av skogen følger du fjellryggen og merka rås. Ved Selvågvatnet delar råsa seg og du følger rås til venstre. Mykje bart fjell vidare. Råsa er godt merka. På turen har du flott utsikt mot Ringstaddalen, Eika og Eiksund. Når du kjem til foten av fjellet, følger du merka rås først opp til Haddalshornet, så vidare over Grøthornet og opp til Blåtind, som er Hareidlandets høgaste fjell med sine 698 moh.