Kort, liten tur ned til fjøra og Vaulenhuken.
Gå på traktorveg forbi eit jorde med gamle frukttre. Du er straks nede ved sjøen. Her er det stor furuskog og fin fjøre. Det er grill, bord og benkar ute. Stor, fin gapahuk som heiter Vaulhuken. Sunnmøre Friluftsråd har toalett her.
Køyr ned til Håhjem industriområde, vidare utover forbi småbåthavna til du kjem til ein stor parkeringsplass med skilt Håhjem friluftsområde. Her er det også sykkelparkering.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,4 |