Tur frå p-plass ved Sportskapellet i Vaksvika til Grytalisetra i oppkjørte løyper. Vidare til Grytavatnet utanfor løyper som ligg omkransa av dei mest alpine fjella i Ørskog. Grytavatnet er djupt og ligg i nordvendt terreng slik at isen kan ligge til ut i mai. Flott utsikt mot Lauparen, Storbotnhornet og Skorkjene.
Bilvegen går heilt fram til trakkemaskinhuset til IL Lauparen på Vaksvikfjellet (4,5 km frå krysset i Vaksvika). Fram til Grytalisætra er det ca 2 km i skiløypene til IL Lauparen. Frå Grytalisætra fram til Grytavatnet er det 4 km. Det er slak stigning i litt moreneprega landskap. Etter kvart ser du Grytavatnet. Turen går ned til vatnet og bort til ein stor stein, Monssteinen. Her ligg turkode.
Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord i 4 km. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og kan parkere på Vaksvikfjellet Camping eller ved enden av vegen. Har har IL Lauparen laga til p-plass. P-avgift kr 35,-.