English

Grøntua frå butikken

Sande

Kort om turen

Turen til Grøntua frå butikken går i jamn stigning heilt opp til toppen 250 moh. Der oppe har du god utsikt innover Vanylvsfjella og Stadtlandet i sør og mot Herøy og Ulstein i nordaust. I tillegg ser ein storhavet i vest. Grøntua er siste topp i Sjutoppsturen som vert arrangert av Sandsøy IL kvar påske. Dei har også trimpost på Grøntua.

Ruteskildring

Turen startar ved butikken på Sandshamna. Ta grusvegen som går nordover frå butikken, gå opp bakken og litt før du kjem til huset på toppen finn du stien til venstre langs med ein steingard. Då er det berre å følge merka sti oppover, forbi ei stor antenne og vidare forbi eit gamalt ope vassbasseng, langs med kanten på fjellet der du ser rett ned på Kleiveneset, og heilt til du kjem til toppen 250 moh. På toppen ligg også ei trimbok til Sandsøy IL. For å få rundturen fortset du litt vestover før stien går nedover igjen, forbi eit anna gammalt vassbasseng og kjem ned til ei løe øverst i Sandsbakken. Herifrå går du asfaltvegen ned igjen til butikken. 

Vil du ha ein litt lenger tur kan du gå ca 100 meter ned frå toppen og ta til høgre. Her kan du enten ta ein avstikkar ca 500 meter og nyte utsikta før du går tilbake, eller gå vidare ned til bilvegen og følge den tilbake til butikken.

Tilkomst og parkering

God plass til parkering ved Coop-butikken. Kjem du med båt kan du legge til ved Rosenlund Hamn 200 meter unna. Kjem du med bubil kan du parkere på Bubilhamna ved fiskerihamna.

Fottur
Blå
Lengde
3,7 km rundtur
Stigning
257 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
248 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Grus 0,2
Sti 3
Køyreskildring
Print ut