English

Grjotet frå Kilsti

Fjord

Kort om turen

Turen til Grjotet startar i flott kulturlandskap ved Kilstivatnet og Kilstisetra. Makelaus fjordutsikt frå toppen, og heile denne turan går innanfor Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Ruteskildring

Du parkerer på p-plass på Kilsti (Gjerdeneset). Plassen ligg tett ved kommunevegen- 3,9 km etter at du har tatt av frå fylkesvegen mot Rønneberg/Kilsti. Frå p-plassen går det merka sti oppover eit myrdrag mot nordvest. Stien flatar ut og du kryssar elva på ei bru og går opp til Kilstivatnet. Vidare på god sti langs vatnet inn til Kilstisetra som ligg i nordenden av vatnet. Lett terreng heile denne etappen, og omlag 2 km inn til sætra.

Frå sætra opp til Kilstiheia er det bratt stigning, men god rås. Du går i lauvskog til du er drygt halvvegs oppe. Omlag der det flatar ut, er det skilta til Grjotet. Du tek av frå stien og kryssar over eit myrdrag. Følg merkepålane. Når du har kryssa myra, går du vidare opp nokre små hamrar før du kjem på sti att. Stien tek deg opp til eit lite fjellvatn. Herifrå er det antyding til sti oppetter ein rygg sørover frå vatnet. Ruta går no fyrst mot sør i ope terreng med mose, lav, stein, og berg. Etter kvart vert det meir ur, og ruta dreiar mot vest og toppunktet på 1519 moh. 

Tilkomst og parkering

P-plass ved sidan av kommunevegen på Kilsti. Frå Eidsdal sentrum køyrer du opp til vegskiftet til Rønneberg/Kilsti. Frå skiftet er det 3,9 km å køyre til p-plassen.Inga parkeringsavgift. Plass til kring 15-20 bilar.
Fottur
Rød
Lengde
5,5 km en vei
Stigning
1058 m
Tidsbruk
4 t. til t
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1519 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,5
Ingen sti 2

Offentleg transport

Vanskeleg. Det går buss frå Eidsdal til Geiranger nokre få gongar for dag. Til Kilsti går berre skulerute dei dagane det er skule.

Anna

Kilstisetra er kjent som ei av dei vakraste setrene på Sunnmøre.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut