English

Grinda

Volda

Kort om turen

Grinda er ei grindaløde som ligg øvst på Klepp i Volda sentrum. Det er eit hyppig besøkt turmål då den er lett tilgjengeleg og har ei svært god utsikt over store delar av Volda.

Grinda blei gitt som gåve til Volda kommune frå Volda Rotaryklubb då dei feira 100 årsdag i 2005.

Ruteskildring

Sjå tilkomst og parkering.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved bommen i enden av Raudemyrsvegen (Presteseterbommen). Der er det også høve til å parkere. Ta første veg vestover etter bommen. Det er flat skogsveg vidare til Grinda, knapt 1 km. Om ein ikkje klarer å gå so langt er Grinda er lett tilgjengeleg frå motsatt side. Alternativ rute då er å kjøre i enden av Bjørkevegen, parkere der og gå omlag 150 meter i slak oppoverbakke.

Fottur
Grønn
Lengde
0,86 km en vei
Stigning
29 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
184 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut