English

Gossen flyplass

Aukra

Kort om turen

Turstien startar ved flyplassen på Gossen og er lett tilgjengeleg frå stor parkeringsplass et lite stykke frå Rishaugvegen. Turstien går i flatt terreng langs flystripa som Gossen flyklubb brukar til sine medlemmar. StikkUT posten som ligger etter ca. 700 meters gange. Frå StikkUT posten erfra kan du også gå vidare til Rindarøyvegen i Oterhalsen. 

 

Ruteskildring

Den grusa turstien er lett å følge. Ein følger først flystripa, passerer nokre små myrdammar og kjem etter kvart inn i meir vegetasjon. På slutten av turstien kjem ein til eit høgdedrag, der ein får fin utsikt mot Rødabukta og Røssøyvågen. Det er fleire benkar langs turstien

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia på Aukrasanden køyrer du på fylkesveg 530 til du kjem til krysset på Falkhytten. Her tek du til venstre (skilt mot Småge/Rindarøy) Følg så fylkesveg 531 i ca 5,5 km til du kjem til Rødabukta. Her tek du til høgre mot Løvika på Hellegota. Etter 1 km tek du til venstre på Rishaugvegen. Køyr så 400 meter, forbi flyplassen og ta til venstre. Parkeringsplassen ligg ved bygningen.
Fottur
Grønn
Lengde
0,71 km en vei
Stigning
2 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
16 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,71

Offentleg transport

Det er sjeldan offentleg busstransport på Gossen kveldar og helger. Om du må følgje buss, bruk Fram sin App på mobiltelefon. For fergeruter sjå Fjord 1 sin App.

Anna

Gossen flyplass ble laga under krigen av tyskerane. Den var større enn det som er igjen i dag, og var tenkt enda meir utbygd. Det var planlagt to rullebaner til. "Festung Gossen" hadde det største militæret anlegget mellom Bergen og Trondheim. Det var på det meste 6200 personar på Gossen under krigen - lokale innbyggarar, tyske soldatar, krigsfangar og ein del andre nordmenn og utlendingar. Under flyplassen er det eit nettverk av kanalar. På Kleivhaugen kan du sjå meir krigshistorie.
Køyreskildring
Print ut