Dette er ein mykje brukt tur, særleg i vinterhalvåret då det ikkje er dyr på beite i området. Om det er snøfritt er det mogleg å kome opp med både barnevogn og sykkel. Frå Golan har ein flott utsikt over Fiskå og fjella rundt, og om ein ønskjer lengre turar er det også oppmerka løyper herifrå mot Orrenakken og Ringefjellet med meir.
Parker bilen ved bensinstasjonen på Tunheim. Gå langs fv 61 omlag 200 meter i retning Fiskå. Eit Stikk-ut-skilt viser avkøyrsla der ein svingar av hovudvegen. Turen går no inn i eit byggefelt der ein har det karakteristiske Tunheimshornet på høgre hand, og flott utsikt over Fiskå og fjorden på venstre hand. Asfalt går over til grus, og ein skal halde stø kurs slakt framover. Turmålet ligg på høgda i enden av vegen, med flott utsikt over Fiskå og fjorden mot Stad-halvøya.