English

Goksøyra - på ski

Molde

Kort om turen

Eresfjord.

Goksøyra er også ein flott skitur. Dette majestetiske bratte fjellet reiser rett opp frå den flate bygda Eresfjord, heilt opp til 1315 moh.Du går først bratt opp skogslia til Ufssalen. Deretter i flatare høgfjellsterreng.

Du følgjer same veg /sti som om sommaren.

Ruteskildring

Du starter turen ved å gå skogsvegen opp første del av lia. Deretter via stien, kan hende må du feste skia på sekken. Her det litt skogatrangt. Følg terrenget nokså rett opp der det er enklaste å gå. Til slutt flater det ut rett før du kjem opp til seterstølen Ufssalen, 550 moh.

Følg terrenget herifra svakt opp til venstre, rund over ein liten haug og gå vidare sørover i forholdsvis flatt terreng. Du skal runde den vesle knausen du ser rett fram, 781 moh.

Derifrå er det enklaste å runde svakt oppover til høgre, til Kvilhaugbotn. Vidare opp til på den store slakke snøflanken mot eit lite skard. Deretter via botn og til toppen av Goksøyra.

Varden ligg heilt utpå kanten der du ser rett ned til bygda Eresfjord.

Det enklaste å følgje same veg ned att. Alternativt, når du nærmar deg Ufssalen, kan du ta ned til høgre på markerte ryggar ned  mot Kvidalen. Obs, her kan det vere skredfare.

Tilkomst og parkering

Frå Syltebø i Eresfjord tar du fylkesvegen opp austsida i Eresfjord. Etter ein liten km tek du av opp til venstre på kommunevegen skilta til Grandseter. Følg denne ca ein kilometer oppover til ein tømmerlunneplass på venstre side av vegen. Parker her. Derifrå går det ein skogsveg opp til høgre. Det er her du starter. Du kan også parkere noen hundre meter lenger opp, ved vassverkinntaket under Bjørbakken.
Skitur
Blå Topptur
Lengde
6,57 km en vei
Stigning
1223 m
Tidsbruk
4 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1268 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Du passerer ein gamal seterstøl som heiter Ufssalen, 550 moh.

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut