English

Gjøna frå Gjerdsvika

Sande

Kort om turen

Fin rundtur frå Gjerdsvika. Du passerer eit flott utsiktspunkt på veg opp til gapahuken "Strutsely". Her er det super utsikt. Så går du opp til Haugshornet og vidare utover Saursegga mot Gjøna, heile tida med fantastisk fin utsikt. Bratt nedstiging ned att til Holane, fortsatt med flott utsikt!

Ruteskildring

Frå parkeringa går du om lag 100 m i retning Gursken til du ser merking ved turstart. Ruta er godt merka, så no er det berre å følge merkinga vidare. Det er god sti med kloppar over myromåde. Stopp gjerne på eit flott utsiktspunkt i 200 m høgde før du går vidare til gapahuken "Strutsely". Her er det super utsikt! Frå gapahuken går du opp til Haugshornet. Her er det eit kort område utan sti, men sikt deg inn mot toppen, sjå etter merking, så kjem du etterkvart inn på sti. Følg sti frå Haugshornet til Hanen og vidare utover ryggen til Gjøna. Ta deg tid til å nyte utsikta! Denne ruta har ei bratt nedstiging ned til Storholen. Det kan vere sleipt viss det er vått. Det er mulig å velge ei litt slakare nedstiging til Muren. Begge nedstigingane startar like nedanfor toppen, og deler seg deretter etter eit kort stykke. Det er godt skilta/merka.

Det er om lag 2 km å gå tilbake til start

Tilkomst og parkering

Følg 5868 enten via Moltustranda eller via Gursken Parkering ved Tussabygget eller ved turtavla rett over vegen for Tussabygget, ved krysset Risevegen/Gjerdsvikvegen og like ved Gjerdsvika stadion
Fottur
Rød
Lengde
8,62 km rundtur
Stigning
482 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
489 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,32
Ingen sti 0,3

Offentleg transport

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut