English

Gjerdsnakken rundt

Ålesund

Kort om turen

Fin rundtur rundt Gjerdsnakken på Lande. Mesteparten av turen går på veg eller skogsveg. Ta gjerne ein avstikkar opp på toppen før du går vidare rundt. 

Ruteskildring

Følg bygdavegen oppover Lande og sving opp i Pina mot Gjære. Her står det skilt til Postvegen. Ta av til høgre oppom boligfeltet og sving inn på skogsvegen ved skiltet. Her er det også eit stort skilt som det står Postvegen på. Følg Postvegen forbi nokre mindre bygningar på venstre side av skogsvegen. Herifrå har du god utsikt mot Ørskogfjellet og Giskemonibba. No vil du sjå raude merkepinnar der skogsvegen svingar opp til venstre. Du tek av frå Postvegen her. Følg skogsvegen oppover som går bak Gjersnakken. Ta gjerne ein tur oppom toppen. Her er det ein del granskog som er velta, men det er fint likevel. Det er bratt utom kanten. Etterkvart går skogsvegen over til sti eit stykke før du kjem ned og går den siste etappen over markane tilbake til vegen på Bårdsgjerde. Følg vegen ned til parkeringa. Flott utsikt over bygda.

Tilkomst og parkering

Parker ved Sjøholt Folkehøgskule.
Fottur
Grønn
Lengde
3,68 km rundtur
Stigning
130 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
198 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,8
Sti 1,9

Offentleg transport

Ja, Fram til krysset ved Sjøholt Folkehøgskule

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut