English

Gjerdsnakken

Ålesund

Kort om turen

Fin tur opp bak Gjerdsnakken på Lande. Mesteparten av turen går på veg eller skogsveg. Ta gjerne ein avstikkar opp på toppen på veg tilbake. 

Ruteskildring

Følg skilting frå Sjøholt folkehøgskule. Gå langs asfaltvegen oppover bakkane mot Bårdsgjerde. Like etter at du passerer eit småbruk med fjøs på høgre side er det merkepinnar som viser veg over marka. Her går stien vidare inn i skogen bak Gjerdsnakken. Du går først på sti før det går over i ein gamal skogsveg gjennom gran- og blandingsskog. Her er terrenget ganske flatt framover eit stykke før vegen svingar først først til venstre og så mot høgre. Her er turmålet på venstre side. Terrenget opnar seg opp og du kan nyte utsikta mot Giskemonibba. Snu og gå same veg tilbake, men ta gjerne ein avstikkar til toppen av Gjerdsnakken først. I bakken ned mot Sjøholt folkehøgskulen har du flott utsikt ut Storfjorden.

Tilkomst og parkering

Parker ved Sjøholt Folkehøgskule.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km tur/retur
Stigning
148 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
207 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Fram ekspressen til Sjøholt Folkehøgskule

Anna

Vi anbefaler at du snur ved turmålet pga anleggsarbeid lenger framme på skogsvegen.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut