English

Geitfonnegga i Geiranger

Stranda

Kort om turen

Turen til Geitfonnegga har jamn og tildels bratt stigning heile vegen. Frå toppen er det flott utsikt både utover og innover fjorden. Det er ikkje ein spesielt lang tur, så kan passe som ein kort dagstur eller ettermiddagstur.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen på Korsmyra (620 moh). Frå Korsmyra kryssar ein Fv 63  og går første km på skogsveg til Haugsetsætra. Herifrå går det opp og opp på ei godt merka rås vel 800 høgdemeter. Turen til topps tek ca 2-3 t. Frå toppen er det ei flott utsikt over Geirangerbygda og fjorden.
Det er skilta på Korsmyra og på Haugsetsætra og med V’ar elles. Turen er gått opp med GPS.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplass på Korsmyra. Høgste punkt på strekninga Geiranger-Eidsdal. Cirka 15 minutt køyring frå Geiranger og Eidsdal. Rutebussen passerer parkeringsplassen.

Fottur
Rød
Lengde
3,46 km en vei
Stigning
837 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1453 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut