Tur til gapahuken på langrennstadion på Bondalseidet alt.1. Fin tur for heile familien og dei aller minste. Gapahuk med bålpanne. Husk å sløkke når du går. Lys kvar kveld når det er skiføre.
Gå til varmestova og ta på skia der. Gå vidare på ski rett fram til løypene deler seg og ta til venstre, så vidare 300m og der deler løypene seg igjen. Ta til venstre som skiltet viser, renn ned bakken og sving til venstre igjen og då er det 300 m til gapahuken.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1 |