English

Gamme ved Litjtrollvatnet

Gjemnes

Kort om turen

Turen til Litjtrollvatnet er lett tur for heile familien. Med ei samla stigning på under 150 m bør den være overkommeleg for dei fleste. StikkUT posten ligger i sørenden av vatnet ved ei gamme. Dette er ein fin rasteplass og fiskeplass. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Tjønin går stien over eit parti med myr før du går over Skeisdalselva  på bru og tek til på stigninga opp mot Litjtrollvatnet. Jamn stigning på god sti. Oppe ved vatnet er det eit parti med myr før stien går langs austsida av vatnet fram til gamma ved sørenden av vatnet. Litjtrollvatnet er eit fin fiskevatn. 

Turen til Litjtrollvatnet kan kombinerast med tur til Duå. Da går stien bratt opp til Trollvass-skaret og vidare mot nordaust til Kvitskreheiin. Her møter du merka løype vidare til toppen av Duå. 

Tilkomst og parkering

Det er opparbeida parkeringsplass ved enden av setervegen i Skeisdalen. Setervegen er bomveg. Ved bommen kan du også kjøpe fiskekort.

Fottur
Grønn
Lengde
1,34 km en vei
Stigning
156 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
410 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant eller Vipps
Køyreskildring
Print ut