English

Gamlevegen til Drageskaret frå Gursken

Sande

Kort om turen

Fin tur etter gamlevegen som går frå Gursken til Drageskaret. Ved vegen er det tillaga med reie, slenge, zipline og klatretau som borna kan leike seg i. Her er også rastebord der ein har god utsikt over fjorden. Når du er komen nesten opp på Drageskaret har kulturlaget sett opp trimpost ved dei to stabbesteinane som står att frå ei svunnen tid.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du oppom bedehuset og vidare på gamlevegen nordvestover opp til Øvre Knotten. Her er mange bakkar, og alle har namn. Den første er bedehusbakken, så kjem Olabakken, deretter Severinbakken, så Olavabakken som er den siste før husa på Øvre Knotten. Då kryssar gamlevegen den kommunale vegen som går ned til Sandvika, gamlevegen går då vestover ganske flatt til du kjem til Sessen, ein stor stein der det var fint å setje seg nedpå og kvile før ein byrjar på dei neste bakkane. Når du har passert Sessen kjem du oppi skogen, og her er det tillaga med leikeutstyr til borna og rasteplass til dei vaksne, og det trengst for no skal du opp Djevlebakken, som er den brattaste. Her måtte passasjerane gå ut og skubbe bussen når den hadde fullt lass. Når du er komen opp Djevlebakken ser du dei to stabbesteinane som står att frå gamletida.  No har du berre ein bakke til, Drageskarbakken, til du er oppe og klar for returen. Dersom du vil ha ein lenger tur kan du fortsette på gamlevegen ned til Larsnes, det er ca 180 m til den startar. Du kan gå ei rås som går til høgre opp på ein liten haug, då får du krysse hovedvegen ved parkeringsplassen på Drageskaret og slepp å gå langs den uoversiktige vegen. Det er ca 2 km ned til Larsnes sentrum.

Tilkomst og parkering

Køyr FV 61 til Gursken, frå vegkrysset ved matbutikken køyrer du FV 61 vestover 550 m og tek til høgre skilta mot Knotten. Køyr 200 m og parker på parkeringsplass ved bedehuset.

NB! Det bør ikkje parkerast i Drageskaret for denne turen, då det kan skape trafikkfarlege situasjonar.

Fottur
Grønn
Lengde
1,90 km en vei
Stigning
171 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
192 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,8

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Gamlevegen er ein del av den første vegen som vart bygd i det gamle Herøy prestegjeld, den gikk frå Leikong til Larsnes og var ferdig ca 1840. No er der veglys på strekninga frå bedehuset til Øvre Knotten då gamlevegen er gangveg for innbyggerane her.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut