English

Gamle Setrevegen - rundtur

Ørsta

Kort om turen

Turen vandrar gjennom eit ope landskap kor det står eit gamalt Vakjarhus. Høgare opp ligg "Fossane" som er ein elvafoss, som kan begeistre stort under snøsmeltinga. 

Ruteskildring

Rundtur: Du startar i Kolhola fylgjer skiltinga opp vegen til du ser skiltet "Gamle Setervegen". her ser du stien på venstre side. Herifrå fylgjer du stien til du treff setrevegen på toppen, gå så til høgre ned setrevegen. Rett før bommen tek du igjen til høgre inn på ein traktorveg som ender opp i Kolhola der du starta. 

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum køyr i retning Sæbø, ta av i krysset merka Mosmarkvegen. Kjør på Mosmarkvegen til du kryssar ei bru og har passert ein gravplass. Ta til venstre i fyrste kryss etter gravplassen merka Mosetra / Setrevegen. Køyr i 3 km til du kjem til eit stort opent Y- kryss, du kan velge å parkere her eller ta vegen til venstre ned til Kolhola og parkere innafor grinda. Parkering på eget ansvar når det er dyr i utmark. Setrevegen er bomveg og betales via Vipps.

Fottur
Grønn
Lengde
2,27 km rundtur
Stigning
147 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
264 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,1
Sti 1,2

Offentleg transport

Buss til Ørsta rutebilstasjon. Kan ta ringerutebuss linje 342 til Asko eller Mosmarkvegen Øvremovegen.

Anna

Det ligg eit Vakjarhus i området som er under restaurering.

Kart

Betalingsmiddel for bomvei

Bompengar for å køyre setrevegen opp til Mosetra. Prisen er kr 50,- for bil og traktor, kr 20,- for moped/motorsykkel/moped eller ATV.
Køyreskildring
Print ut