English

Galten

Volda

Kort om turen

På Folkestad i Volda kommune finn ein Sunnmøre sitt svar på Trolltunga, Galten. På Galten har ein fantastisk utsikt over Dalsfjorden og det har vorte eit populært turmål og biletemotiv.

Ruteskildring

Dersom ein kjem med ferga tek ein av til høgre etter parkeringsplassen på fergekaia. Følg vegen til du kjem opp til Coop-butikken. Ta til venstre og følg vegen som heiter «Råsa» til du kjem til avkjørsel til Blåfjellvegen, bomveg. Her kan du parkere. Fra bomveg til første merking ved ein skogsveg er det rundt 20 min til 30 min å gå. Følg skogsveien til neste merking. Der vegen sluttar må ein krysse ei myr før ein kjem opp til toppen av fjellryggen. Her blir det merka oppover. Når du kjem opp til fjellryggen vil du møte skilt som er merka mot Galten, følg stien mot høgre. Den er det slakk halling på med ein litt brattare bakke på slutten. Det er sjølvsagt også mogleg å gå til turmålet. Det er ca 1,7 km opp frå fergekaia og til bommen der «Blåfjellsvegen» startar.

Denne videosnutten gir eit flott bilete av turmålet Galten, https://www.facebook.com/kongtomerik/videos/10155970962672056/?epa=SEARCH_BOX (Laga av Tom Erik Kongsvoll)

Tilkomst og parkering

Parkering ved bommen til Blåfjellsvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Offentleg transport

Det er ikkje offentleg transport til turmålet,men ein kan sykle eller gå frå fergekaia.
Print ut