English

Galten frå Mjeltebakkane

Volda

Kort om turen

Galten har blitt eit populært turmål og er Sunnmøre sitt svar på Trolltunga. Det er flott utsikt særleg inn Dalsfjorden. Det er også flott å gå vidare til Kornbergveten. 

Ruteskildring

Frå start går du på skogsveg i knapt 1 km. Like etter ein skarp sving kjem du inn på sti, og du følger denne oppover til du kjem inn på ein tydeleg sti som kjem frå Folkestadsætra. Følg denne stien vidare vestover til du kjem til Galten. Galten er eit utspring som det er populært å bli fotografert på.

Det er flott utsikt mot Volda, inn Austefjorden og ikkje minst inn Dalsfjorden

Tilkomst og parkering

Like etter ferjekaia på Folkestad tek du av til Lauvstad på Dalsfjordvegen. Ta av til venstre ved Coop, nesten 180° (Råsa). Følg vegen vidare, utan å ta av sidevegar, i retning Folkestadsætra. Det er bomveg (personbil kr 40 i 2019, Vipps er mulig). Her er det ei turtavle over området. Køyr om lag 1 km vidare etter «bompengestasjonen». Det er eit dyrkafelt på venstre side av vegen. Turen startar på høgre side. Det er mulig å parkere der turen startar; pass på så du ikkje står i vegen for andre

Fottur
Blå
Lengde
4,11 km tur/retur
Stigning
310 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
572 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 2,17

Offentleg transport

Mange velg å gå frå fergekaia. Det er ca. 2 km frå ferjekaia til turstart.

Anna

Du kan også køyre opp til Folkestadsætra og starte turen der. Sjå turomtale for Kornbergveten. Den ruta har litt mindre stigning

Kart

norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps er mulig
Køyreskildring
Print ut