English

Fyre

Sande

Kort om turen

Fyre ligg over Tødeneset med god utsikt til Rovdefjorden, Rovdestranda og fjella i Vanylven og Volda. Larsnes IL har trimpost på toppen. Dette er ein tur med god utsikt frå toppen. Fyre har tilkomst frå Tødeneset og frå Almestad.

Ruteskildring

Frå sør: Frå parkeringsplassen går du vegen austover ca 800 m, då er du i Tødeneset, råsa startar før ei garasje på venstre side av vegen og går opp gjennom skogen opp til Slokevatnet, der tek du til venstre, då ser du Fyre rett i vest, du går då råsa opp gjennom Grønnakkskaret, der tek du til venstre og og går bratt opp dei siste 100 m til toppen. Frå parkeringsplassen i Oksavika til Fyre er det 2,4 km, frå Tødeneset til Fyre er det 1,6 km. 

Frå nord: Frå parkering i grushola går råsa austover gjennom skogen, kryssar elva og går sørover opp Kyrkjevegen, du får då 2 vegkryss, ta til høgre i begge og gå sørover opp til Skylet, der tek du til venstre og går austover ca 400 m til Grønnakkskaret, der tek du til høgre og går bratt opp dei siste 100 m til toppen. Frå Almestad til Fyre er det 2,1 km.

Tilkomst og parkering

Frå sør: Frå fv 61 ved Årvik ferjekai køyrer du kommunevegen austover ca 3 km, då er du i Oksavika, køyr forbi husa i Oksavika. God parkeringsplass på venstre side av vegen ca 150 m austapå husa i Oksavika, parker her.

Frå nord: Fv 61 til Almestad i Gursken, ca 100 m austapå bebyggelsen på Almestad går der ein traktorveg ned til ei grushole på sørsida av vegen, køyr ned her og parker i grushola.

Fottur
Blå
Lengde
4,51 km tur/retur
Stigning
392 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
389 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,1

Offentleg transport

Buss til Almestad. frammr.no

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut