English

Furene - Ring - Gildrehammaren - Furene

Volda

Kort om turen

Ein flott rundtur med start frå Furene. Fleire utsiktspunkt undervegs, og ruta er godt skilta og merka. Turen passar både som trimrunde og som halvdags fjelltur.

Ruteskildring

Ruta er merka med raude merkepinnar og den er skilta. Første merking finn du når du har kome inn på skogsvegen. Det er merka og skilta ved stidele og der det kan vere tvil om vegval. Der det er tydeleg skogsveg/sti, kan det vere langt mellom merka.

Frå busstoppen går du i retning Volda. Ved eit skilt (Volda 4, Bergen 350) kryssar du E39 og går rett fram på ein grusvegs som er merka Privat (sjå skilt Ring 511 moh). Du kan gå her, men ikkje køyre bil. Etter ca 400 m kjem du opp til ein asfaltert veg (Liaskarvegen), ta til venstre. Følg vegen til neste kryss, der går du rett fram til du kjem til ei turtavle. Gå over marka opp og litt til venstre, 150-200 m, slik eigarane har merka. Når du kjem inn på skogsvegen tek den straks ein sving nesten 180° til høgre. Følg skogsvegen vidare og skilt til Ring. Etter ei stund kjem du til skilt som viser ulike ruter til Ring. Denne turomtalen viser ruta "Ring via Høgåsen", men om du vil, kan du velge ei av dei andre. Du kjem opp til ei hytte som faktisk er ei innebygd campingvogn. Passer denne og du er snart oppe på eit flott utsiktspunkt med bord og grill! Følg stien vidare til Ring. Ring er ein stor stein. Sjå etter denne så ser du kvar du skal. På Ring er det også god utsikt, og du ser rett ned på Volda/Ørsta lufthamn. Her er du nesten halvvegs på ruta, så kanskje tid for å ta ei pause medan du følger med flya?

Frå Ring følger du skilt først til Tverrberget og etter kvart til Gildrehammaren. Det er flott utsikt både på Tverrberget og ikkje minst på Gildrehammaren. Her er det verdt å gi seg tid å nyte utsikta. Frå Gildrehammaren skal du følge skilting til Liaskaret. Litt bratt ned frå Gildrehammaren, men det er ikkje lenge før du er du nede på stien som du skal følge tilbake. Stien er ikkje like tydeleg alle plassar, men det er godt merka så det er greit å finne vegen. Du kjem etter kvart inn på same skogsveg som du gjekk på i starten. Då er det berre å følge denne tilbake til der start.

Tilkomst og parkering

Start ved busstoppen i Furene (industri-/butikkområde). Furene ligg ved E39, om lag 4 km frå Volda sentrum og 5,5 km frå Ørsta sentrum. Dersom du kjem med bil, er det fleire plassar du kan parkere.
Fottur
Blå
Lengde
9,06 km rundtur
Stigning
551 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
511 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 5,06

Offentleg transport

Buss til Furene. (https://frammr.no/). Det er også fint å sykle til start. Trygge sykkelvegar både frå Volda og Ørsta
Køyreskildring
Print ut