English

Furene - Ring - Gildrehammaren-Klepp

Volda

Kort om turen

Fin overgangstur frå busstoppen i Furene til Volda sentrum. Det er god sti og fleire flotte utsiktspunkt undervegs. Ring er ein stor stein der du har flott utsikt i fleire retningar, og du ser rett ned på flyplassen.

Ruteskildring

Ruta er  skilta og merka med raude merkepinnar. Første merking finn du når du har komt inn på skogsvegen. Det er merka ved stidele o.l. og der det kan vere tvil om vegval. Der det er tydeleg skogsvevg/sti, kan det vere lenger mellom merka.

Frå busstoppen går du i retning Volda. Ved eit skilt (Volda 4, Bergen 350) kryssar du E39 og går rett fram på ein grusvegs som er merka Privat. Her er skilta "Ring 511 moh.". Du kan gå her, men ikkje køyre bil. Etter omlag 400 m kjem du opp til ein asfaltert veg (Liaskarvegen), ta til venstre. Følg vegen til neste kryss, der går du rett fram/svakt til høgre til du kjem til ei turtavle. Gå over marka, opp og litt til venstre i 150-200 m, slik eigarane har merka. Når du kjem inn på skogsvegen tek den straks ein sving nesten 180° til høgre. Følg skogsvegen vidare. Du skal følge Niven/Ring-skiltinga. Når du har gått totalt ca 2,8 km, tek du sti bratt opp til venstre (skilta "Ring via Nivskollen"). Du kan også gå rett fram, då får du ei slakkare rute til Ring, men du går glipp av flott utsikt. Dei første 100 m er brattast, men det er verdt slitet! Du kjem opp til ei hytte som faktisk er ei innebygd campingvogn. Passer denne og du er snart oppe på utsiktspunktet ved Nivskollen. Her er det bord og grill, og flott utsikt! Følg stien vidare til Ring; sjå etter ein store markert stein så ser du kvar du skal. Frå Ring følger du skilting mot Tverrberget. Det er godt merka/skilta over til Tverrberget og resten av turen. Når du kjem ned frå ryggen av Tverrberget deler stien seg. Her skal du følge skilting "Klepp via Gildrehammaren". Gildrehammaren er eit flott utsiktspunkt, og med eit fantastisk nettverk av røter. Det går sti vidare nedover både til høgre og venstre. Begge fører ned att til Kleppevegen. På denne ruta tek vi stien til venstre. Då passerer vi Kometland, eit astronomisenter. Siste del av turen går på gruslagd tursti. Turen endar øvst i Kleppevegen.

Tilkomst og parkering

Start ved busstoppen i Furene (industri-/butikkområde). Furene ligg ved E39, omlag 4 km frå Volda sentrum og 5,5 km frå Ørsta sentrum. Dersom du kjem med bil, er det fleire plassar du kan parkere.
Fottur
Blå
Lengde
6,29 km rundtur
Stigning
472 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
512 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 0,4
Sti 5,42

Offentleg transport

frammr.no

Anna

https://www.kometland.com Ruta er merka og skilta, og du kan velge ulike ruter til Ring

Kart

Turkart Volda, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut