Turen til Frostadtinden har jamn stigning, utan spesielt vanskelege parti. Den passar godt både til treningstur på ettermiddag og søndagstur med barn.
Frå parkeringsplassen ved bommen på Storsætra følgjer du Storsætervegen opp til Høgsætra. Denne delen av ruta er også mogleg å køyre, mot å svare 40 kr i bompengar.
Frå Høgsætra er det nyleg anlagt flott turveg i retning mot Skodje kommune si drikkevasskjelde Svartevatnet/Skålsvatnet. Komen opp på første høgda der drikkevasskjelda ligg rett fram, skal du følgje ryggen austover til du kjem til Frostadtinden.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 5 |
Sti | 5 |