English

Fremste Heivatnet frå Gudbrandsjuvet

Fjord

Kort om turen

Turen har bratt stigning på skogsveg og sti til Heisetra først, derifrå går det slakt vidare oppover og innover i Reinheimen Nasjonalpark. Passar fint både som treningstur og som søndagstur med familien.

Ruteskildring

Følg vegen som gå forbi kafebygget og gjennom campingplassen på Gudbrandsjuvet. Ta til høgre der vegen deler seg og følg skilting mot Fremsteheia/Alstadsætra. Vegen går tett ved eit hus og gjennom to grinder som du MÅ late godt att etter deg. I sommartida kan du treffe kyr på beite langs grusvegen frå siste grinda og oppover. Etter vel ein km tek vegen slutt, kryss elva på brua og du kjem til Alstadsætra. Gå over setervollen og følg god rås (sti) vidare oppover i lauvskogen frå øvste hytta, slakt først, så stadig brattare. Når råsa flatar litt meir ut er du straks oppe på Heisetra. Rekne 1-1,5 time opp hit.

Vår rute tek av til venstre like nedom hytta på Heisetra. Råsa går først ganske flatt mot aust, så over ei myr - her er det stor sjanse for å bli våt på beina. Etter myra går du inn i Reinheimen nasjonalpark. Her går det slakt oppover og innover i fjellheimen på god sti, først gjennom fjellbjørkeskog og så i ope fejllandskap og etter om lag 1,5 km og 200 høgdemeter er du framme ved Heivatnet. Turposten til Valldal IL finn du ved ein stor stein nordvest for vatnet. Ver merksam på at råsa blir stadig meir utydeleg oppe ved vatnet, men der er nokre vardar å følgje.

Frå Heivatnet går det ruter vidare til Høghornet og Trollkyrkja (1762 moh.- rute for røynde fjellfolk).

Tilkomst og parkering

Parkering ved Gudbrandsjuvet. NB! Det er mykje trafikk her som gjer at det kan vere fullt på p-plassen, spesielt midt på dag i turistsesongen om sommaren. Det er mogleg å parkere bak kafeen mot avgift kr 20, følg skilting mot campingplassen. Frå Valldal sentrum til Gudbrandsjuvet er det om lag 15 km.

Fottur
Rød
Lengde
4 km en vei
Stigning
676 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
895 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Det går sjeldan buss. http://www.fram.no

Anna

Turen startar frå Gudbrandsjuvet, ein kjent stoppestad langs Nasjonal Turistveg. Her er det bruer og utsiktsplattform der du kan sjå elva og juvet på nært hald. Ruta passerer to gamle setrar, Alstadsetra og Heisetra. Turen går inn i Reinheimen Nasjonalpark.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Køyreskildring
Print ut