Turen går i lysløypa i Hauane, med start på Løvoll. Attraktivt friluftsområde både sommar og vinter. På alle sider er "Hauane" omkransa av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Folkestien går her, og det er bygd ei gamme i området. Skilta dit.
Start på Løvoll i Eidsdal. Parkering ved klubbhuset. Turen følgjer lysløypetraseen: Fyrst ned ein kort bakke og over myra mot vest, så opp ei stigning, før løypa svingar framover (sør). Følg lysstolpane, og hald til venstre - då følgjer du løyperetninga og unngår trøbbel med uventa løparar i unnakøyringar rett mot deg. Traseen går i kupert terreng fram mot framre delen av Hauane, før løypa svingar attende og følgjer høgste delen av åsryggen attende. Turposten finn du på toppen av den lange stigninga etter at du har svinga attende i retning nord/ mot Løvoll. Like nord for posten ligg Fremste Haumyra som har gjeve posten namn.
For å få ein fin runde - og framleis halde deg til løyperetninga - held du fram etter traseen mot nord; fyrst over myra, deretter opp ein bakke før du får ei lang unnakøyring nedatt på Skarmyra. Der kjem du attende til startpunktet og kan renne ned siste bakken mot klubbhuset og parkeringsplassen.
Når du fyrst er i Hauane, oppmodar vi deg òg til å leggje turen innom gamma og Laupen (det høgste punktet i Hauane). Det er skilta til desse to turmåla frå høgste punktet i lysløypa (kring 300 meter frå turposten, mot nord). Ta gjerne pause og nyt verdsarvnaturen ved gamma, men hugs å rydde opp etter deg og forlat staden i minst like god stand som då du kom.
Velkomen til Eidsdal IL sitt skianlegg, og GOD TUR!
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 2,5 |