English

Framfjørstadsætra

Stranda

Kort om turen

Flott og enkel tur som passar godt for familiar, eller som ein kjekk treningstur. På sætra har du fin utsikt utover Strandadalen og fjella Fremste og Heimste Blåhornet.

Ruteskildring

Frå parkering på Fjørstad krysser du hovudvegen og går mot Stranda sentrum i nokre hundre meter. Ta deretter av til venstre på ein grusveg og følg denne til du kjem til eit kraftverk. Følg skilting mot Emdalsdalen. Det er merka sti heile vegen til sætra. Det er også mogleg å fortsette vidare mot Emdalsdalen.

Det kan vere beitedyr på området, ta forhandsreglar, ta med søppel og la dyra gå i fred. 

Tilkomst og parkering

Kjøyr frå Stranda sentrum mot Hellesylt i cirka 15 minutter. Når du kjem til Fjørstad, tar du av til venstre mot eit kvitt grendehus. Parker her. (Vipps). Viss du kjem frå Hellesylt er det cirka 15 minutter å kjøyre mot Stranda, og da ligg det kvite grendahuset på høgre side av vegen når du kjem til Fjørstad. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,80 km en vei
Stigning
217 m
Tidsbruk
1 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
528 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,88

Offentleg transport

Det går an å ta buss frå både Stranda og Hellesylt. Busshaldeplassen heiter Fjørstad sør. Frå den er det cirka 100 meter langs vegen til turen startar ved eit Stikk Ut-skilt. Sjekk appane Entur eller Fram for å finne reisetidspunkt.

Anna

Det er også fint å telte her eller sove i hengekøye i bjørkeskogen. 

Køyreskildring
Print ut