English

Frå Nålsund til Årsundøya

Tingvoll

Kort om turen

Turen følger østsida av Tingvollhalvøya frå Nålsund til Årsundøya. Bortsett frå kryssinga over mot Årsundøya går turen langs landTuren passer best med vind frå øst og sør. På vestsida av Årsundøya er det ei flott offentleg friluftsområde med teltplass, toalett, søppelkasser og et kystfort fra andre verdenskrig. God utsikt mot Frei og Tustna.

Ruteskildring

Du padler frå Nålsundkanalen nordover mot Nausthaugen og vidare mot Mjølkneset. Herfra padler du forbi Åsen og til Kvisvik. Nordvestsida av Åsen er bratt ned mot sjøen, så her kan du få rotete sjø med refleksar om vinden kjem frå nord og vest. Ved Kvisvik Camping er det ei flott sandstrand om du ønsker å ta ei pause. Vidare nordover er det ein del hytter ned mot sjøen, men og fine bukter der du kan gå på land og ta ei pause. Når du har komme så langt nord at du skal krysse over til Årsundøya kan det være lurt å gå innom Rotmolen før du legg kursen over mot Årsundøya. På vestsida av Rotmolen er det grunt, noko som kan gje urolig sjø om det er bølger.

På sjølve Årsundøya er det fleire fine plasser å gå på land. På østsida av øya finn du Bukta der det er satt ut benker, og lunt å komme seg inn med kajakk om været står frå vest. Fortsetter du vidare og runder nordenden av øya, kan du få dønning og bølger inn frå Talgsjøen om vinden er frå nord. Når du runder nordsida av Årsundøya passerer du ei forsvarsstilling frå andre verdenskrig. Litt lenger vest, på innsida av den vesle øya Halinen er det flott å gå på land og slå opp telt om du ønsker det. På sørsida av Hvalbukta finn du og eit offentlig toalett. Litt lenger sørvest, ved Skarvbergneset passerer du ei fyrlykt. Når du no skal krysse over til fastlandet kan det lønne seg å gå innom Rotmolen om været står frå vest. Dermed får du kortare kryssing, og du unngår vestsida av Rotmolen kor det er grunt og kor det dermed blir urolig sjø om det er vind og bølger.

Når du har kryssa over til fastlandet igjen følger du samme ruta som du padla nordover, men denne gongen sørover mot Nålsund igjen.

Denne rutebeskrivelsen er utarbeidet av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Tilkomst og parkering

Det er fint å legge ut ved Nålsundkanalen. Grunneigar ønsker padlerar velkommen, men ber om at vegen til bryggene og utsett for båtar ikkje blir blokkert. Parker på parkeringsplassen på nordsida av Nålsundvegen, her er plass til tre - fire bilar.
Padletur
Blå
Lengde
18,26 km tur/retur
Tidsbruk
4 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Turen egner seg best på østlige og sørlige vindretninger. Ved kraftig vest og nordavind er spesielt området på nordsida av Årsundøya krevende med dønning inn fra Talgsjøen.
Køyreskildring
Print ut