Turen til Garnesvatnet er ein fin tur, først gjennom litt skog før ein etter kvart kjem opp i ope lende. Fin utsikt over Garnesvika og Haddalvika med øyane utanfor, når ein nærmar seg Garnesvatnet.
Ein går frå parkeringa ved rundkøyringa over vegen og opp gjennom skogen. Der er merkepinnar som viser veg opp gjennom skogen. Det er lett å følgje råsa vidare oppover i lyngen mot Garnesvatnet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,7 |