English

Fosseråsa

Stranda

Kort om turen

Start enten i Geiranger sentrum eller ved Fjordsenteret. Mykje av råsa går i trappetrinn. Den endar ved Storseterfossen, ca 500 moh.

Ruteskildring

Fyrste del av råsa går i trappetrinn av stål opp langs Storelva/fossen til du kjem opp til Fjorsenteret. Frå her fyl du skiltinga og kryssar fv 63 100 m framanfor Union Hote. Du kjem no opp i skogen, Mørkja som det heiter. Ser du deg godt om, vil du sjå restar etter eit par utløer og andre murar. Råsa/trappene opp til Vesterås går stort sett i traseen til det som var den opprinnelege vegen opp til garden. 
Frå Vesterås er det også berre å fylgje skiltinga til du er framme ved Storseterfossen, det skiftar mellom trappetrinn og rås. Ca halvegs vil du sjå murane etter fjøsane dei hadde på Liastølen.(Infotavle her) Hit opp hadde dei dyra om våren før dei kunne ta dei fram til Vesteråsetra. Turen opp tek ca 1,5 - 2 t.

Tilkomst og parkering

Parkering enten i sentrum eller ved nyoppretta parkeringsplass framom Fjordsenteret.

Fottur
Grønn
Lengde
4 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
3-4 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
500 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja
Underlag Lengde i km
Asfalt 0,1
Grus 0,5
Sti 1

Offentleg transport

Ferje frå Hellesylt til Geiranger. 2 bussavgangar frå Eidsdal til Geiranger.

Kart

Geiranger
Print ut