English

Fossevandringa

Stranda

Kort om turen

Turen er ei spektakulær vandring opp langs Storfossen i Geiranger. Du følgjer ei flott trapp i cortenstål og det er fleire utsynspunkt undervegs. Flott arkitektonisk - og du kjem svært tett på naturkreftene. Vandringa er lyssett.

Ruteskildring

Du startar frå Geiranger sentrum og går sørvestover på vegen mot Homlung. Du passerer aldersboligane, skulen og Geiranger camping, før du kryssar brua over elva og går oppover på vestsida av elva. Ved Gjørvatunet tek du av frå kommunevegen og følgjer elva oppover. Du går framom ein gammal og særprega kraftverksbyging, og like etterpå byrjar sjølve trappa. Ho har 327 trappetrinn og fører deg opp til Besøkssenter verdsarv. Undervegs kan du stogge å nyte utsikta på fleire utsynsplatå. Ved storvassføring er det ei mektig naturoppleving - vassdropane sprutar over deg, og fossebrølet er tett på. Når du nærmar deg Hotel Union, går du framom eit gult bygg. Det er Mjelvaverket, det fyrste privateigde kraftverket mellom Bergen og Honningsvåg, bygd i 1907. Ved kraftverket kjem du inn på kommunevegen. Du svingar til venstre og går 10-15 meter før Fossevandringa held fram opp ei trapp og langs ei siste flat strekning opp til Fjordsenteret. Også dette vel verdt eit besøk.

Tilkomst og parkering

Parkering i Geiranger sentrum.
Fottur
Grønn
Lengde
1,04 km en vei
Stigning
96 m
Tidsbruk
20 min op
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
71 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det går rutebussar inn til Geiranger, men det er få avgangar dagleg.

Kart

Turkart for Stranda kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut