English

Fosseråsa, Nasjonal turiststi

Stranda

Kort om turen

Fosseråsa er den fyrste turstien i Noreg som vart autorisert som Nasjonal turiststi (2019). Stor variasjon i natur, nærleik til elva og flotte fossefall. Du kan gå bakom fossefallet Storsæterfossen der turen endar. Fyrste del går opp cortenståltrapper tett på elva, så ei vandring i idyllisk lauvskog og vakkert kulturlandskap. Opplev verdsarven!

Ruteskildring

Parkerer du på ferjekaia, går du gjennom gågata i Geiranger sentrum og forbi daglegvarebutikken Joker. Her kan du òg parkere (køyr ned like ved Geiranger hotell).

Frå Joker følgjer du kommunevegen forbi skulen og Geiranger camping. Straks du har gått over brua ved campingplassen, svingar vegen oppover langs elva, og du kjem opp til klyngetunet på Gjørva. Her startar cortentrappene som tar deg opp langs fossefall og stryk. Cortenstålvandringa endar på uteområdet til Norsk Fjordsenter.

Her følgjer du gangvegen over trebrua mot Hotel Union, og går ca. 100 meter oppover langs hovudvegen før du svingar til venstre opp ein grusveg (like ved eit bustadhus). Vegen tar deg opp den bratte lia til fjellgarden Vesterås. Han vert smalare når du kjem inn i skogen, og det siste stykket går du på rås (sti). Turvegen/stien er vekselvis steinsett og gruslagt. Det vert arbeidd med å utbetre stien heilt opp til Vesterås, men førebels kan ein del parti vere gjørmete i vått vêr.

Like nedanfor Vesterås kjem du ut av skogen og over i eit ope kulturlandskap. Følg stien beint opp til garden, og sving så til høgre forbi hyttene. Her startar ein kjerreveg vidare oppover. Etter nokre hundre meter, er stien steinsett og slyngar seg oppover lia til fossefallet Storsæterfossen. Dette er det endelege turmålet.

Du kan gå same vegen tilbake, eller du kan gå gamleråsa ned til Vesterås frå Liastølen. Sjå skilting i råsdele like nedanfor stølen. Merk at denne råsa ikkje er steinsett, og ho har nokre parti med svaberg og større steinar. Litt meir krevjande enn hovudruta. Du kjem ned like ved den gamle fjøsen i tunet på Vesterås.

Om du vil ha ei anna rute nedatt frå Vesterås, kan du følgje bilvegen til Hole og gå snarvegane/delar av gamle Kløvstien nedatt mot sentrum herifrå. 

Det er skilta heile vegen opp til Storsæterfossen, og det er også skilta til sentrum om du vil gå via Hole nedatt.

 

Tilkomst og parkering

Parkering i Geiranger sentrum, anten på ferjekaia eller ved Joker.

Fottur
Blå
Lengde
3,90 km en vei
Stigning
576 m
Tidsbruk
2 t. opp.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
544 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 0.5
Sti 3,9

Offentleg transport

Du kan følgje rutebuss til Geiranger. Merk at det er få avganger til bygda. Også mogleg å ta ferje inn frå Hellesylt.

Anna

To gamle kraftverk i neste del av vandringa (Gjørvaverket og Mjelvaverket). Formidlingssenteret Norsk Fjordsenter. Restar etter høyløer (ruinar) langs stien opp til Vesterås. Westerås gard - serveringslokale i gammal låvebygning. Spor etter gamla frukthagar. Innslag av edellauvskog øvst i Mørkja. Flotte fossefall - Storsæterfossen særmerkt og kjent. Liastølen - ruinar etter gammal sæter. Vist utsyn over Geiranger og delar av verdsarvområdet. Kulturlandskap med geiter på beite.

Kart

Turkart for Stranda kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut