English

Folkestadvatnet rundt

Volda

Kort om turen

På begge sider av Folkestadvatnet i Volda kommune er det grusa bilveg. Desse to vegane er knytt saman med grusa stiar på nord- og sørsida av vatnet som gir ein flottrundtur til fots eller på sykkel. Raudesanden er ei flott sandstrand på nordsida av vatnet.

Ruteskildring

NB! Etter vinteren 2021 har det blitt nokre skadar i vegen som gjer turen mindre trillevennleg enn den har vore tidlegare. Turen er framleis godt eigna for barnevogn, men rullestolbrukarar vil ha problem med å ta seg fram grunna skadar og groper i vegen, spesielt ved bruene. Skadene vil bli utbetra, men tidsaspektet er uklart. Turskildringa blir oppdatert når vegen er ordna og kan nyttast av rullestolbrukarar igjen.

Turen går rundt Folkestadvatnet som ligg 315 moh og er på om lag 3,5 km. Vegen på austsida heiter «Innaforvegen» og på vestsida heiter den «Blåfjellsvegen». Begge vegane er bomvegar med tilkomst frå Folkestad. Det er relativt lite trafikk på strekninga. Det går dyr på beite så gjer vel å lat att grinder og led.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia på Folkestad følger du Dalsfjordvegen(Rv 40) mot Lauvstad. Ta av til venstre ved Coop og følg vegen (Råsa) på nedsida av butikken. Følg vegen vidare i retning Folkestadsætra. Du kjem etterkvart til Blåfjellsvegen som er ein bomveg (Vipps er mogleg - personbil kr. 40,-). Køyr omlag 2 km på Blåfjellsvegen til du møter på ein opparbeidd parkeringsplass like før du kjem til Folkestadvatnet. Her kan du parkere.

Fottur
Grønn
Lengde
3,63 km rundtur
Stigning
48 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
335 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,6

Offentleg transport

Det er ikkje offentleg transport til turmålet, men ein kan gå eller sykle frå fergekaia.

Betalingsmiddel for bomvei

Kontantar, 40 kr med personbil
Køyreskildring
Print ut