Turen til Fokhaugstova er ein skitur som passar for dei fleste. Velg mellom å starte ved skitrekket (3,6 km) eller frå Pusken (ca 2 km). Det er slak motabakke frå Pusken og opp til gapahuken, og dermed fin renning når ein skal åtende.
Turens lengde varierer frå kvar ein startar. Frå parkeringa på Pusken på Langsætrane er det ca 2 km men velgjer en å starte frå parkeringa på Overøye blir den 3,6 km ein veg. Denne turen er beskrevet fra parkeringa ved Skitrekket på Overøye.
Langrennsløypa startat på nedsida av parkeringsplassen. Følg løypa innover dalen, den går nesten nede ved elva og forholdsvis flatt innover. Vær obs for trafikken der bilvegen kryssar løypa. Fortsett rett fram her til du kommer til brua og turparekeringa ved Pusken. Denne delen av turen er det lysløype. Ved brua må ofte skia av når ein kryssar brua. Etter brua skal ein følge løypa som går svakt til høgre (ikkje bilvegen) først gangske flatt før den moderate stigninga byrjar oppover mot Gapahuken ved Fokhaugstova.