English

Fløyna på Valderøya

Giske

Kort om turen

Turen til Fløyna har  jamn stigning, er ikkje for lang og passar alle aldersgrupper. Litt bratt og ulendt somme stader og nokre våre parti.

Ruteskildring

Ta av frå riksveg 658 mot Valderøya anten rett etter den siste undersjøiske tunnellen, eller rett før brua over Gjøsundet. Følg hovudvegen til du ser skiltet mot rådhuset. Ta av her og køyr forbi rådhuset og ungdomsskulen. I vegkrysset på toppen av bakken tek du til høgre og følgjer vegen til den nye barneskulen. Her kan du parkere. Turen startar på oversida av skulen. Følg grusstien mot venstre eit lite stykke, forbi gapahuken, til du ser ein natursti til høgre opp mot skogen. Følg den og ta til høgre når du møter stien som går langs fjellfoten. Følg stien vidare gjennom Eirikskogen, forbi leikeområdet, og til du ser stien som tek av til venstre opp mot fjellet. Ta av her og følg naturstien opp gjennom skogen til toppen. På toppen får du flott utsikt mot Ålesund og øyane rundt.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Valderøy barneskole
Fottur
Grønn
Lengde
1,05 km en vei
Stigning
103 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
146 moh
Merking
Skiltet

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1
Køyreskildring
Print ut