English

Flåna frå Kilsti

Fjord

Kort om turen

Turen til Flåna går i variert terreng. Heile turen ligg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Flåna er eit særprega område med myrtjønner og gammal furuskog. Vakker fjordutsikt undervegs.

Ruteskildring

Du startar frå p-plassen på Kilsti og følgjer merka og skilta rås direkte opp frå parkeringa, over eit myrdrag før du kjem inn i opne bjørkeskog. Lett vandring opp til vatnet før du følgjer stien på austsida av vatnet.

Du går omlag 100 meter forbi ei lita bukt med eit naust før du svingar av på sti mot nord i eit råsdele. Her kryssar du ei myr før du går bratt oppover mot Blåhornet.

Stien deler seg like etter ei myr, mellom to kollar. Her held du fram over heia mot nord, før du dreiar nordvestover ved ein kraftstolpe. Stien held seg i lisida på Blåhornet før han svingar nedatt på nokre myrdrag og rundar over ein kolle. På det høgste punktet her møter du òg råsa som kjem bratt ned frå nordsida på Blåhornet.

No er det unnabakke nokre hundre meter, og du går langs ein rygg på fine berg og har flott utsyn mot fjorden. Stien svingar ned mot myrtjørnene og endar ved ein turpost nordvest på Flåna-området.

Fleire parti brukar å vere våte på denne turen, og det er lurt å bruke fjellsko om du vil halde deg tørr på føtene.

Tilkomst og parkering

Følg fv 63 frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Etter om lag 6 km svingar du av på kommunevegen og følgjer skiltinga til Kilsti. P-plassen ligg 3,9 km frå avkøyringa til Kilsti/Rønneberg, og her er det plass til 15-20 bilar.

Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
224 m
Tidsbruk
1 t. ein v
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
647 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Få ruter mellom Eidsdal og Geiranger gjer det vanskeleg å basere seg på offentleg transport. Til Kilsti går det berre buss når det er skuledagar (kun skulerute).

Kart

Turkart for Norddal 1:50.000
Køyreskildring
Print ut