English

Fjellfotvegen Godøya

Giske

Kort om turen

Fjellfotvegen er ein småkupert grusa turveg som strekk seg mellom Juv i vest og byggjefeltet på Leitebakken i aust. Turvegen går langs fjellfoten med flott utsyn mot hav, fjord og fjell og gjennom område med furuskog, hasselskog og nokre planta granfelt.

Ruteskildring

Fjellfotvegen er skildra frå Juv i vest og austover. Frå parkeringa på Juv går turvegen jamt oppover langs fjellfoten. Etter omlag 500 meter kryssar turvegen stien mot Alnesvatnet med turmoglegheiter vidare til Storhornet eller Rantane. Etter stikryssinga held turvegen omlag same høgde og er litt småkupert den neste kilometeren til den nærmar seg tunnelopninga til hovudvegen til Alnes. Over tunnelopninga er turvegen er på høgaste og det er sett opp kvilebenkar med flott utsyn over hav, fjord og fjell. Det er også sett opp ein gapahuk med dei tre bukkane bruse. Her finn du Stikk UT!-koden. Litt nærmare byggefeltet mot aust er det merka sti opp til eit krigsminnesmerke i fjellsida under Sloktinden. I vegskjeringa i vestlege delar av turvegen finn du spor av sedimentære avsetningar og rundslipte steinar frå istida. 

Tur/retur Juv - byggjefeltet er turen litt over 6km og har dermed blå gradering på grunn av lengde. Men dette er ein tur/retur på fast grusa turveg der ein sjølv kan tilpasse kor langt ein ynskjer å gå. Til dømes tur/retur Juv og benkane over tunnelopning omlag 5 km og har då grøn gradering. Med utgangspunkt i at ein sjølv tilpassar turlengda etter eigen form er turen sett til grøn gradering.

Tilkomst og parkering

Det er fleire opparbeida parkeringsmoglegheiter som gir tilgang til turvegen. Mest naturleg tilkomst er det gjennom parkeringsplassane i vest på Juv eller Jussbakken. Men ein kan også parkere ved skulen utanom skuletida eller stadion om det ikkje er trening/kamp. Frå skulen går ein grusa turveg rett opp til Fjellfotvegen. Rundkøyringa ved Jussbakken må vere fri for bilar, den er snuplass for bussen som går kvar dag.

Fottur
Grønn
Lengde
3,27 km en vei
Stigning
151 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
118 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 6,5

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut